Velkomen til Stordal Elveeigarlag sine heimesider.
Stordalselva er åpen for fiske etter laks i perioden

15.06 – 11.08.2024

Laks teken på Øvrebustsona i Stordalselva ca. 1970. Fisken vog 19 kg og vart teken av Lars Øvrebust (til høgre på bildet). Medhjelpar var Sverre Holtleite.

Stordal Elveeigarlag er organisert som eit forvaltingslag, som ved felles forvalting skal ta vare på og freiste å auke bestandane av laks og sjøaure, so langt det kan la seg gjere i vassdraget.
Laget har tatt ein del grep dei siste åra ved restaurering av gytebekker for sjøaure og gledeleg nok er der også ein del laks som gyter i nokre av desse bekkane.

Utover i 2024 og 2025 vil laget ha 5 habitat tiltak under planlegging og arbeid, for laks og sjøaure. Dette er kostbare investeringar og krev mykje arbeid.
Laget har derfor innført eit forvaltingskort frå og med 2021. Her vil all inntekt av dette kortet gå uavkorta til habitat og kultiveringsformål. Prisen på dette kortet er kr 120.- og må løysast av alle som vil fiske i elva, alle som leiger, alle som fiskar gratis hos grunneigar også grunneigar må løyse dette kortet.
Kortet kan kjøpast på Vipps, nr 691141 – Stordalselva

Stordal Elveeigarlag har ikkje noko med sal av fiskekort eller bortleige av fiske å gjere. Dette har vore, og er framleis ei sak mellom den enkelte grunneigar og den som vil leige fiske. Storparten av utleiga skjer på sesongbasis, og same fiskarane tingar gjerne elv for ein ny sesong før dei avsluttar sesongen. Nokre stader kan ein likevel få kjøpe Fiskekort i avgrensa mengder.

Elva er i hovudsak nattfreda kvar natt mellom kl. 24.00 og 04.00 alle dagar i veka. Fisketida i 2024 er frå 15. juni til og med 11. august.
Etter årsmøtevedtak 2021 vart det vedtatt at midtsesong evaluering er satt til 15. juli kvart år.
Denne evalueringa vil bli avgjerande for ei eventuell tidlegare sesongstenging i 2024, samtidig kan elva bli stengt midlertidig med bakgrunn i lav vannstand og høg vanntemperatur over tid.
Det er strenge fangstrestriksjonar for sesongen 2024 – desse finn du her på websida vår og på oppslag langs elva.

Styret i Stordal Elveeigarlag, 2024:

Leiar: Jarle Hove
Nestleiar: Egil Henden
Styremedlem: Petter Aksel Kirkbø
Styremedlem: Johan B Øvrebust
Styremedlem: Stein Eric Solevåg
Vara: Jan Erik Vad

Betal fiskeriavgiften på nett

Den enkleste og rimeligste betalingsmåten er via nettet. Ved betaling med kredittkort eller bankkort får du kvittering i e-post og kan selv skrive ut avgiftskortet.
Det elektroniske avgiftsbetalingen er i fire språkversjoner; norsk, finsk, engelsk og tysk. Her er linken som gjer at du lett kan finne frem til nettbetaling av avgiften. http://www.dirnat.no/fiskeravgift/

Ein flott film om Stordalselva, laga av Torstein Stavseng, som er ein del av teamet rundt kompetansegruppa i Stordal Elveeigarlag.