Welcome to Stordal Elveeigarlag's website.
Stordalselva is open for fishing for salmon in the period 01-31.07 2021
.

Salmon caught at Øvrebust zone in Stordalselva approx. 1970. The fish weighed 19 kg and was caught by Lars Øvrebust (on the right in the picture). Assistant was Sverre Holtleite.

Stordal Elveeigarlag is organized as a management team, which by joint management shall take care of and try to increase the stocks of salmon and sea trout, as far as possible in the watercourse.
The team has taken some action in recent years in the restoration of spawning streams for sea trout and fortunately there are also some salmon spawning in some of these streams.

Utover i 2021 vil laget ha 3 habitat tiltak under arbeid, for laks og sjøaure. Dette er kostbare investeringar og krev mykje arbeid.
Laget har derfor innført eit forvaltingskort frå og med 2021. Her vil all inntekt av dette kortet gå uavkorta til habitat og kultiveringsformål. Prisen på dette kortet er kr 100.- og må løysast av alle som vil fiske i elva, alle som leiger, alle som fiskar gratis hos grunneigar også grunneigar må løyse dette kortet. Kortet betalast med Vipps til 691141 og pengane går direkte inn på konto hos Elveeigarlaget. For personar utan tilgang på Vipps,  kan utleigar – grunneigar skrive ut eit kort, og la pengane for kortet gå over til Elveeigarlaget ved bruk av Vipps.
Merk med STORDALSKORTET.

Stordal Elveeigarlag har ikkje noko med sal av fiskekort eller bortleige av fiske å gjere. Dette har vore, og er framleis ei sak mellom den enkelte grunneigar og den som vil leige fiske. Storparten av utleiga skjer på sesongbasis, og same fiskarane tingar gjerne elv for ein ny sesong før dei avsluttar sesongen. Nokre stader kan ein likevel få kjøpe Fiskekort i avgrensa mengder.

Elva er i hovudsak nattfreda kvar natt mellom kl. 24.00 og 04.00 alle dagar i veka. Enkelte soner kan ha andre fredningsrutiner, t.d. helgefreding. Fisketida i 2021 er frå 1. juli til og med 31. juli.
Etter årsmøtevedtak 2021 vart det vedtatt at midtsesong evaluering er satt til 15. juli.
Denne evalueringa vil bli avgjerande for ei eventuell tidlegare sesongstenging i 2021, samtidig kan elva bli stengt midlertidig med bakgrunn i lav vannstand og høg vanntemperatur over tid.
Det er strenge fangstrestriksjonar for sesongen 2021 – desse finn du her på websida vår og på oppslag langs elva.

Styret i Stordal Elveeigarlag, 2021:

Leiar: Jarle Hove
Nestleiar: Egil Henden
Kasserar: Kjell Mulelid
Sekretær: Jan Erik Vad
Styremedlem: Stein Eric Solevåg

Betal fiskeriavgiften på nett

Den enkleste og rimeligste betalingsmåten er via nettet. Ved betaling med kredittkort eller bankkort får du kvittering i e-post og kan selv skrive ut avgiftskortet.
Det elektroniske avgiftsbetalingen er i fire språkversjoner; norsk, finsk, engelsk og tysk. Her er linken som gjer at du lett kan finne frem til nettbetaling av avgiften. http://www.dirnat.no/fiskeravgift/

Ein flott film om Stordalselva, laga av Torstein Stavseng, som er ein del av teamet rundt kompetansegruppa i Stordal Elveeigarlag.