Fiskereglar og restriksjonar

Fiskereglar 2024

Nye retningslinjer for fiske etter anodrom laksefisk i sjø og elv:
https://www.miljodirektoratet.no/aktuelt/nyheter/2021/mars-2021/her-er-de-nye-reglenefor-laksefiske/

Elva blir åpna for fiske etter laks i perioden 15.06-11.08 2024. Midtsesong evaluering fram til 15.07. Om der er lite laks i elva blir det sesongstenging etter 20.07.2024.
Det blir sterke fangstrestriksjonar. Det gjeld for alle soner i elva.

Stordal Elveeigarlag har innført Stordalskortet frå og med 2021.
Dette er eit forvaltingkort, der alle, også dei av grunneigarane som fiskar, må betale inn eit eingongsbeløp på kr 120.- til laget for å få fiske i elva. Alt som kjem inn på dette forvaltingskortet skal gå uavkorta til habitat og kultiverings tiltak i Stordalsvassdraget.
STORDALSKORTET.
Dette kortet kjøpes på Vipps 691141, under Stordalselva

Fangstrestriksjonar 2024

Det er samme restriksjonar i 2024, som det var i 2023
Sjøaure er freda og skal settast ut att. Det er lov å bruke fang og slipp, catch and release, på laks i elva for 2024 sesongen.
Fang og slipp skal inn i fangstdagboka, og går av sesongkvote for fiskeren

Dei forskjellige soner har eit bestemt tall på kor mange stenger det kan fiskast med for den enkelte fiskerettshavar. Til eksempel kan Jøsvoll og Hove fiske med 4 stenger.

Kvar av desse stengene blir heretter betegna som: Eit fiskekort.
Eit kjøpt/leigd fiskekort kan ikkje overførast til ein annan fiskar.
Når dag eller sesongkvote er brukt opp, skal det ikkje fiskast meir på dette fiskekortet. Når ein fiskar har eit sesongkort, og denne fiskaren har nådd sesongkvoten, kan sesongkort ikkje beyttast meir denne sesongen. Grunneigar kan ikkje leige denne ut på nytt til ein annan fiskar.
Ein fiskerett kan leigast ut til fleire på deling. Det er grunneigars rett til å velje måten han vil leige ut på. MEN, restriksjonane gjeng på fiskeretten og må delast på dei som leiger fiskeretten.
På kvar fiskekort kan det fiskast 1 laks på ei fiskeøkt opp til 16 timer – delt økt. Og maks 2 laks på heil dag.

Det er innført ein personleg fangstkvote for laks pr person på maks 7 laksar for sesongen 2024, uavhengig av kva sone du fiskar på.