Stordal
  Nyheiter     Startside     Soneoversikt     Fangststatistikk     Været     Flotabell     Bildegalleri     Historie     Kontakt  

Fiskeregler 2021

Nye retningslinjer for fiske etter anodrom laksefisk i sjø og elv:

https://www.miljodirektoratet.no/aktuelt/nyheter/2021/mars-2021/her-er-de-nye-reglenefor-laksefiske/

Stordal Elveeigarlag har innført Stordalskortet frå og med 2021.

Dette er eit forvaltingkort, , der alle, også dei av grunneigarane som fiskar, må betale inn eit eingongsbeløp på kr 100.- til laget for å få fiske i elva. Alt som kjem inn på dette forvaltingskortet skal gå uavkorta til habitat og kultiverings tiltak i Stordalsvassdraget.

Fangstrestriksjonar 2021

Sjøaure er freda og skal settast ut att. Det er ikkje lov å bruke fang og slipp, catch and release, på laks i elva for 2021 sesongen

Dei forskjellige soner har eit bestemt tall på kor mange stenger det kan fiskast med for den enkelte fiskerettshavar. Til eksempel kan Jøsvoll og Hove fiske med 4 stenger.

Kvar av desse stengene blir heretter betegna som: Ein fiskerett/stang/eit leigd kort.
Ein leigd fiskerett/stang/kort kan ikkje, av den fiskaren som har leigd, overføre denne fiskeretten til ein annan fiskar. Når dags, veke eller sesongkvote er brukt opp, skal det ikkje fiskast meir på denne fiskeretten, denne sesongen. Grunneigar kan ikkje leige denne ut på nytt til ein annan fiskar
Ein fiskerett kan leigast ut til fleire på deling. Det er grunneigars rett til å velje måten han vil leige ut på. MEN, restriksjonane gjeng på fiskeretten og må delast på dei som leiger fiskeretten.
På kvar fiskerett/stang/leigd kort kan det fiskast 1 laks på ei fiskeøkt opp til 16 timer – delt økt.
Og maks 2 laks på heil dag.
Det kan ikkje fiskast meir enn 2 laks pr fiskerett/stang/leigd kort, pr veke.
Og maks 5 laks pr fiskerett/stang/leigd kort pr sesong.

Det er innført ein personleg fangstkvote for laks pr person på maks 5 laksar for sesongen 2021

Marknadsplassen:

Fiskekort


Dokument Annonser

Nytt

Fortløpende fangstrapport 2019 - 31.07.2019
Les meir


Aktivitetsplan for 2021 - 23.03.2021
Les meir


Sesongstart i Stordalselva, 2021. - 23.03.2021
Les meir


Fiskeregler 2021 - 23.03.2021
Les meir


Driftsplan for Stordalselva i 2021 - Løpande driftsplan framover - 23.03.2021
Les meir


No er det dagar
att til sesongstart 2016!
  Admin Stordal Elveeigarlag - 6250 Stordal Stordalsportalen.no