Stordal
  Nyheiter     Startside     Soneoversikt     Fangststatistikk     Været     Flotabell     Bildegalleri     Historie     Kontakt  

Driftsplan for Stordalselva i 2021 - Løpande driftsplan framover

DRIFTSPLAN FORSTORDALSELVA 2021

Driftsplanen skal vere løpande og kan justerast på kvart årsmøte eller omframt årsmøte

INNHALD DRIFTSPLAN:

SIDE: 1

Målsetting med planen, Felles forvalting

Side 2

Driftsplan, delplan 1, Regulering av fisket

Side 3

Delplan 2, fiskeoppsyn og overvåking av bestand

Side 4

Delplan 3, Oppsyn og kultiveringstiltak

Side 5

Prosjekt som er vedtatt utført
Gytebekkar, Kultivering – klekkeri – rognplanting - kultiveringsplan

Side 6

Oppsummering Stordalsvassdraget

Side 7

Vedlegg til driftsplanen

Side 8 - 18

Historikk

Side 8

Noverande Status og tilstand

Side 9

Den økonomisk situasjon for laget, miljø langs vassdraget

Side 10

Lokale forureiningskjelder/tiltak

Side 11

Biotopiske forbetringar i Stordalsvassdraget

Side 12

Informasjon, marknadsføring, Rapportering og dokumentasjon

Side 13

Fangststatistikk

Side 14-15

Eigartilhøve, medlemsliste

Side 16-18

Sonekart

Side 19

Hovuddelen av planen ligg på side 2-6 med handlingsplan og arbeidsområde.
Vedlegg til driftsplanen ligg på side 8-18

Vi kan dele planen opp i forhold til korleis vi vel å synleggjere denne, ved å legge ut delar og linkar til resten av planen og vedlegg slik at det blir tilgjengeleg på websida og facebook sida vår.

Link til Lakse- og innlandsfiskelova
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1992-05-15-47

Link til Forskrift for Lakse- og innlandsfiskelova
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2013-06-25-761

Driftsplan for Stordalselva
Målsettinga med planen

1. Utvikling av bestandane med sikte på auka avkastning, til beste for rettshavarar og fritidsfiskarar. Utvikling av bestandane med sikte på å auke det haustbare overskotet.

2. I Stordalsvassdraget har fiskerettshavarane gått saman om felles forvaltning i samsvar med Lakse- og innlandsfiskelova § 25: Organisering av fiskeforvaltningen i vassdrag .
Fellesforvaltninga skal omfatte regulering av fisket, fiskeoppsyn, informasjon, smitteførebyggande tiltak, fangststatistikk og rapportering, kultiveringstiltak og
bestandsovervaking. I tillegg kjem hensiktsmessige og nødvendige felles tiltak for vern og utvikling av dei lokale fiskestammane

3. Driftsplan skal innehalde oversikt over fiskeressursane i det aktuelle området, oversikt over regulerings-, overvakings-, oppsyns- og informasjonstiltak. Vidare skal planen beskrive korleis fiskeinteressene er organisert i soner og eigarinteresser. Den enkelte grunneigar – rettshavar - tar sjølv hand om bortleige av sin fiskerett.

Driftsplan for Stordalselva
Felles forvalting

Stordal Elveeigarlag har til formål å arbeide for ei berekraftig forvaltning av lakse- og sjøaurefisket i Stordalselva.

Laget skal halde seg til forskrift om pliktig organisering og drift av vassdrag med anadrome laksefisk og skal ivareta dei lovpålagte forvaltningsoppgåvene gitt i Lakse- og innlandsfiskelova med tilhøyrande forskrifter.

Ved felles forvalting er alle medlemmane i laget forplikta til å følge dei fleirtalsvedtak som blir fatta på årsmøte, omframt årsmøte og medlemsmøte

Vi skal alle samarbeide om ei næringsmessig og økologisk forvaltning av lakse- og sjøaurebestandane i Stordalsvassdraget

Årleg handlingsplan og budsjett skal for kvart år leggast fram for årsmøtet for godkjenning
---------------------------------------
Laget har oppretta ei kompetansegruppe av røynde laksefiskarar som også har eit breitt og omfangsrikt nettverk. Eit mandat er sett opp for deira arbeid og gruppa skal støtte opp om arbeidet til laget for å oppnå målsettingane i planen.

Driftsplan oppdatert på årsmøte 10.03.2021

Delplan 1 Regulering av fisket
Årsmøtesak 2021
Åpning av fiske etter laks elva sommar 2021, periode 01-31.07
Sjøaure er freda og skal settast ut att. Cath and release er ikkje tillatt.

1. Fangstrestriksjonar – tal på laks pr kort, pr fiskar, pr veke, pr år
Dette blir innført for å redusere fisketrykket i elva

  • Maks 1 laks pr halvdagskort inntil 16 timer - 2 laks pr heildagskort
  • Maks 2 laks pr Fiskerett/kort/stong pr veke
  • Maks 5 laks pr fiskerett/stong. Sesongkvote pr. person pr år, maks 5 laks

Fiskarane har ikkje anledning til å overdrage sitt fiskekort til nokon annan.
Grunneigar har berre unntaksvis lov til å endre på eit kort,
Unntaket her må vere at fiskar ikkje kan bruke sesongkort, av helsemessige årsaker.
Og at ein ny fiskar kan overta sesongkortet med dei kvotebegrensingar som allereie ligg på dette kortet
Grunneigar kan ikkje endre, selge nytt kort, der fangstrestriksjonar har satt stoppar for den aktuelle fiskaren./ kortet / fiskeretten
Når ein har fått ein laks på eit kort, skal det ikkje fiskast meir på dette kortet den dagen
Har ein fiskar fått 2 laks på eit 20 t kort, skal det aktuelle kortet ikkje brukast meir den veka
Er det fiska 5 laks på ein fiskerett/stong i 2021, kan det ikkje fiskast meir på den retten
Har ein fiskar fått 5 laks, skal ikkje hans kjøpte kort for resten av sesongen,uansett sone han har kort på, brukast meir, denne sesongen. Og kan ikkje selgast/leigast ut på nytt.
Kvar sone har eigarar med eit definert tal på stenger som kan brukast. Retten til å bruke og for eigaren ev. selje kort for ei av desse stengene går ut for aktuell dag, veke eller sesong når høvesvis dags-, vekes- eller årskvoten er fylt for denne stanga.
Om grunneigar leiger ut ein fiskerett /sesongkort til fleire personar, på deling. Er det ikkje slik at kvar av fiskarane på dette kortet har ein heil kvote. Når retten er leigd ut på deling, er kvoten også på deling mellom fiskarane. Ein kvote pr kort/fiskerett.
Det same gjeld om ein leiger ut alle dagskort sine, for ein eller fleire dagar, til ei gruppe.
Kvoten ligg på korta/fiskerettane, ikkje for kvar person.
2. Fiskesesong, åpning – stenging. Fredningstider i sesongen

Elva blir åpna for fiske etter laks i perioden 01-31.07.
Stenging ved vasstemperatur over 18 grader og/eller utsikt til lengre periode med veldig lav vannstand. Ved dårleg innsig/lite fisk i elva fram til 15. juli, kan elva bli sesongstengt på relativt kort varsel.
Årsmøtet gir styret fullmakt til å kunne utvide sesongen for Stavdal, Jøsvoll og Moe, med den første veka i august. I høve vannføring er for stor for fiske i juli. Det må ellers vere bra med laks i elva, men dårleg forhold for fiske.
Midtsesong evaluering.
Det må vere gytebestandsmålet som skal vere den avgjerande faktoren. Det er 724 kg hofisk. Om det ser ut til at dette ikkje kan bli oppnådd, elva stengast for sesongen etter evalueringa. Frå den 20.07

3. Reguleringar på den enkelte sone.
Alle soner skal ha nattestengt kvar dag frå kl 00.00 og til kl 04.00
Osen, nedre del av Hovesona, er det skilta flugesone for den nedre delen
Antall stenger på dei forskjellige soner skal vere slik det var i 2018.

Delplan 2 Fiskeoppsyn og overvaking av bestand

1. Oppsyn.
Lakse- og innlandsfiskelova § 25: Organisering av fiskeforvaltningen i vassdrag .
Her er det lovpålagt at fellesforvalting også omfatter felles oppsyn for vassdraget Det settast opp ei gruppe som skal ha oppsynsansvaret for heile elva, her kan kvar sone kome med sin representant. Styret setter opp ei beskriving om kva som skal haldast oppsyn med og kva mynde oppsynet har, samt virkemidlar styret har i høve brot på fiskereglar og kva skal føre til anmeldelse. Kvar sone oppnevner 1-2 representanter til felles oppsyn for elva.
Styret får fullmakt frå årsmøtet til å vurdere alvorsgrad og reaksjon på kvar enkelt misferd.
Brot på fangstrestriksjonar og urettvist overdraging av fiskekort/fiskerett skal føre til inndraging av fiskekort/rett til å fiske, i kortare eller lengre tid ev. føre til politianmeldelse
Styret sender ut liste til alle medlemmane i laget før sesongstart 2021. Med namn på dei som skal vere fiskeoppsyn og ein beskrivelse på kva oppgåver og mynde oppsynet har, for 2021
Ei liste med namn på personar som er oppsyn. Ei oversikt over oppgåver for oppsynet. Ei oversikt over kva mynde oppsynet har. Her er det viktig å sjå etter og kontrollere at fangstrapport blir ført for alle. Og at fiskarar ikkje bryt fangstrestriksjonane. At grunneigarar ikkje leiger ut kort/fiskerett der kvoten allereie er brukt opp. Alle brudd på reglane skal registrerast, det skal gis ein advarsel til fiskaren og forholdet rapporterast til styret.
Årsmøtevedtak, 10.03.21.
Ved andre gangs forseelse har styret fått mynde frå årsmøtet til å utvise/nekte adgang til fiske i elva for den som bryt reglane. Dette gjelder for resten av sesongen 2021

Snorkling og filming i elva for å drage fordel av dette i fiskeøyemed
Snorkling i elva med føremål å finne ut kor laksen står eller kor mykje laks som er i delar av elva, skal ha styret sin godkjenning.
Filming med undervannskamera og/eller videokamera med føremål å finne ut kor laksen står eller kor mykje laks som er i delar av elva, skal ha styret sin godkjenning
I dei høve dette blir gjort utan styret sin godkjenning, er dette brot på retningslinjene til laget.

2. Bestandsovervaking
Vi er ute av Ouro systemet, fordi elva har fått status som god…..Dette fordi VRL og Miljødir operer utifra veldig gamle tall. Til eksempel er Miljødir sin nye handlingsplan for elvane, basert på tall frå 2010-2014. Dette er heilt utruleg, men sant. Norce skal ta gyteteljinga og ungfisk registreringa i vassdraget i 2021. Laget skal halde ei intern ungfisk registrering i gytebekkane, Rikjenda og muleg ei utvida ungfisk registrering i Rø-elva. I perioden 2021-2024

Delplan 3

Formålspragrafen:Utvikling av bestandane med sikte på auka avkastning, til beste for rettshavarar og fritidsfiskarar. Utvikling av bestandane med sikte på å auke det haustbare overskotet

Elveeigarlaget må utarbeide ein kultiveringsplan for den lakseførande delen.

Omframt årsmøtet i løpet av 2021 skal behandle kultiveringsplan for vassdraget, den skal etter eigen godkjenning sendast inn til Miljøavd, Statsforvaltaren for godkjenning der.
Etter godkjenning skal denne skal heretter ligge som eit vedlegg til driftsplanen.

Kultiveringstiltak
I denne perioden er det er planlagt 2 kultiveringsprosjekt:
Habitat forbedring i Rikjenda, for laks og sjøaure. Undersøkelse i kanalen ved Vinjesanden, opp mot avrenning av gummigranulat frå stadion og evt forbedring av gyteforhold for sjøaure
Det er og søkt midlar til dette gjennom Miljødiektoratet. Dette må inn i planen etterkvart som prosjekta blir realisert i plansamanheng
Det må utførast noko etterarbeid på 2 av gytebekkane som var tatt i 2019

Klekkeri/rognboksutplanting Her skal det inn i planen at det blir arbeidd opp mot det offentlege for å få starte opp att med slik kultivering. Styret skal prøve å få godkjent ein kultiveringsplan for elva
GBM er på 725 kg hofisk, i 2018 og 2019 var det om lag 66 % oppnåing. Men her var vesentleg mindre ungfisk enn talet på gytefisk skal tilseie. 2020 var gytefisk godt over GBM, men der var ikkje fiska i elva, og der var ikkje tatt ungfisk registrering
Målet er heilt klart å få eit haustbart overskot.

Det er strenge retningslinjer for slike kultiveringstiltak, vi må dokumentert over tid at bestanden er trua / kritisk nivå for bestanden. Og at det ikkje er muleg å rette på dei problema som er grunnen til nedgang i bestand, med andre tiltak i elva
Årsmøtet gir fullmakt til styret for å utrede og evt starte arbeidet med «naturleg kultivering»
Her vere seg fiske av hofisk i ordinær sesong, mellombels lagring av denne, og tilbakesetting av laks til elva etter fiskesesongen. Utrede muligheita og starte opp med «skjerma gyting» av laks i sideelvar, for å skjerme rogn og 1-års yngel mot store isferder
Slik situasjonen er no, med kultiveringsplan som kan føre til at vi kan få mulegheit til å kunne sette ut rognboksar, velger styret å sette dette på vent, inntil vidare.

Prosjekt som Årsmøtet i laget har vedtatt utført

Reetablering av gytebekkar. Opprensking og tilrettelegging for oppgang til 4 gytebekkar i Stordal kommune, Stordalselva: Fjellåna, Kørsen, Moløken og Harpebergsløken. Her står det att ein del justeringar og noko manuelt arbeid som skal utførast i 2021. Det vart utført eit prøveprosjekt i Rikjenda, habitat utbetring og gytegrus.Det er vidare planlagt eit liknande prosjekt for Rikjenda, i 2021. men denne gangen 4 nye tersklar med utlegging av gytegrus.
Alle desse har tidlegare vore gode gytebekkar for sjøaure, og litt gyting av laks skjer også.
Styret har planlagt ein undersøkelse – gummi granulat ift ungfisk og betring av gyteforhold,
i kanalen som tidlegare var Iverdammen og Gjestedammen

Nedgang i fangst av sjøaure i Stordalsvassdraget har vore dramatisk dei siste 15 åra, sjå vedlagte kurve for fangst. Årsakssamanhengen er nok samansett, men vi ser at nokre av gyteplassane er heilt borte, andre er i veldig dårleg forfatning. I tillegg har nok den store auken av lakselus i fjordane dei siste 20-30 åra tatt knekken på mykje av den lokale sjøørretstamma
I all hovudsak er det utført tilrettelegging slik sjøauren kan gå opp i bekkane og ein del gravearbeid i sjølve bekkane for å legge til rette for gyting som t.d. å lage nokre enkle tersklar for å skape litt djupne og lage til skjul enkelte stader. Erfaringa frå andre stader viser at liknande tiltak allereie første året etter at gytebekkar har blitt tilgjengelege for sjøauren, har gitt relativ stor auke i talet på sjøaure i desse gytebekkane. Det er også tilfelle hos oss. Spesielt i Kørsen har ungfisk auka betydeleg. Til ein viss grad også auke i Fjellåna. Utbetringa av utløppet til Harpeberg løken var utført sopass seint på året at det er tvilsomt at der gjekk opp sjøaure for gyting i 2019. Her må også leggast litt meir til rette for å sikre at der blir dammar med vatn om det blir ein tørkesommar.
I Rikjenda var der laks sist haust som gytte i den nye gytekulpen.

Her må det dokumenterast med el-fiskeapparat i nokre år etter reetableringa. Søknader må inn til Miljøavdelinga hos Statsforvaltaren, for kvar gang vi skal drive ungfisk ergistrering.

Kultivering i form av klekkeri – plommesekk yngel og/eller rognplanting Her må vi vente til vi får godkjent kultiveringsplanen og sjå kva avklaring som kjem om bruk av verkemiddel. Dokumenteringa er frå vår side, saman med Lakseelvane på Sunnmøre, fullt ut vurdert som gode nok for å kunne starte opp med ein prosess som fører fram til ei offentleg godkjenning. Den offentlege forvaltinga er særs restriktiv med å gje løyve til slik kultivering. Styret sitt vedtak går på at dette skal startast opp om vi får løyve til det.
Og fortrinnsvis i samarbeid med Valldøla

Dokumentasjonsprosjekt opp og fram mot kultivering, utført av NTNU

Her har studentar frå NTNU fullført ei hovudoppgåve som kan brukast som underlag både for eit større prosjekt og som underlag for ein komande kultiveringsplan. Vi har arbeida ein del opp mot forskarmiljø for å kunne starte eit større prosjekt her.
Dette er foreløpig lagt på is, delvis grunna finansiering og delvis fordi laget fører ei parallell linje opp mot å komme i gang med kultivering med rognboksar

Oppsummering
Dersom ein i perioden fram til 2022 klarer å gjennomføre dei tiltaka som er nedfelt i denne driftsplanen, vil ein ha kome eit langt steg på vegen med å få vassdraget i den tilstanden ein ynskjer.

Vi har eit vassdrag som inntil no har vore lukkeleg forskåna for sjukdom.
Mange elvar, spesielt i Romsdal og på Nordmøre har fått ”Gyro” med dei enorme konsekvensane dette dreg med seg.

Det er svært viktig at det vert sett i verk tiltak for å hindre denne farlege sjukdomen i å spreie seg til vårt vassdrag. For eksempel desinfeksjonsstasjonar for fiskeutstyr. Det er eit mål i seg sjølv at det blir sett opp ein god del fleire desinfeksjonsstasjonar

Det er naturleg å tru at kunstig kultivering fører til ein jamnare reproduksjon, og også jamnare fangstar. Vi bør arbeide fram mot å få godkjenning for kultivering, ei ordning og eit samarbeid med andre klekkeri/elvar om dette. Vi må få gjennomført gytefiskteljing kvar haust med tanke på å unngå overfiske. Stikkord her er Gytebestandsmålet. Vi må også få gjennomført hyppige registreringar av yngel.

Etterspørselen etter fiske synest å auke. Eit samarbeid mellom eigarane for å utnytte fisket betre kan vere ei god løysing på enkelte soner med dårleg økonomisk utnytting. Fangstrapporteringa, med fangstdagbøker på alle soner, har vist seg å fungere godt.
Her er det viktig at eigarane er klar over betydninga av ein rett statistikk.
Frå og med sesongen 2021 blir det fastsatt nye fisketidsrammer for elva. Her kan det vere aktuelt at denne ramma blir redusert for Stordalselva. Dette må vi godta som ein del av forvaltinga av bestanden vår

At statistikken er så rett som mogeleg er viktig også med omsyn til fisketida og for kor mykje fisk ein kan fiske.

I denne planen er det etter beste evne prøvd å ta med alle ting som har betydning for vassdraget. Det er viktig at vi no prøver å få på plass alle utfordringane, og å få sett dei tinga som bør forbetrast i ei prioritert rekkefølgje.

Noko er sikkert oversett. Slikt er vanskeleg å unngå. Planen må derfor ikkje oppfattast slik at det ikkje er rom for nye innspel.

Alle innspel som har betydning for elveeigarane, har styret og årsmøtet plikt til å handsame.
Ein skal også påpeike at dette er ein løpande driftsplan for perioden
2019 – 2025 og denne kan justerast ved kvart årsmøte, omframt årsmøte
eller ved medlemsmøte, når som helst i perioden.

For styret i Stordal Elveeigarlag.

Jarle Hove

Vedlegg til Driftsplanen

Historikk

Stordal Elveeigarlag vart formelt skipa 5/7 1964,
Tidlegare har det vore «Fleire elveeigarlag» som hadde etter datidas krav og normer, ein grei funksjon etter dei behov som var i den perioden. Det første laget vart stifta på 1920-tallet, og varte i en 10-15 år. Det neste laget vart stifta rett etter krigen og varte frem til sist på 1950-tallet
Men heilt tilbake på starten i 20-åra var grunneigarar og andre eldsjeler i aktivitet med kultiveringsarbeid. Desse personane fekk også bygd klekkeri og kummar for stamlaks på Øvrebust. Ifrå 1920-åra vart det sett ut yngel i bekkar og elvar. Mange grunneigarar gjorde ein stor innsats for laksestamma i Stordalselva. Den siste utsettinga av yngel var truleg på slutten av 70-talet. Nesten all utsett fisk var basert på stamfisk frå Stordalselva. Den vart fanga både i elva og i osen med kastenot. Sidan den gongen har elva vore meir eller mindre sjølvkultiverande..
Dei seinare åra har det auka på med menneskeskapte faktorar som meir enn sjølve forholda i og rundt elvane, har auka trusselbildet for laksebestanden i elva. Og vi vurderer det slik at no må ein starte oppatt med kultivering
Både vedtekter og regler har forandra seg etterkvart som det har kome nye lover og forordningar. Siste forandring av vedtekter var på årsmøte den 30.03.2017

Nedslagsfeltet til Stordalsvassdraget er fjellområda mellom Norddalsfjorden og
Romsdalsfjorden. Vassdraget munnar ut i Storfjorden på Hove i Stordal. Nedbørsfeltet er 203 kvadratkilometer, og det strekkjer seg frå sjøen og opp til 1531 moh. Middelvassføringa er på 12 m3/sek. Den laks og sjøaureførande delen av vassdraget, Stordalselva, er om lag 8 km.
frå Stavdalsfossen og til sjøen. Ei mindre sidegrein, Røelva, er laks og sjøaureførande frå samløpet med Stordalselva og til Ekrefossen. Omlag 4 km. Vanlegvis er det mindre kvanta fisk i denne elva enn i hovudvassdraget. Den er likevel svært viktig mellom anna fordi der er gode gyte- og oppvekstforhold. Samla laks og sjøaureførande elvestrekning er ca. 12 km. Det produktive elvearealet er på ca. 130 000 kvadratmeter inkludert sideelvane.

Noverande status og tilstand i elva
Laget har ikkje noko med sal av fiskekort eller bortleige av fiske å gjere. Dette har vore, og er ei sak mellom den enkelte grunneigar og den som vil leige fiske.

I dei fleste sonene kan det fiskast med frå 2 til 4 stenger samtidig. Dette er det reglar for innanfor kvar enkelt sone. I denne driftsplanen vil vi avklare kor mange fiskekort/rettar/stenger det er anledning å ha for kvar sone.
Elva er nattfreda frå 00 – 04 kvar natt alle dagar i veka Fisketida sist år var frå 15. juni – 25.august. Pga. veldig lite laks i elva vart det gjort vedtak om å stenge for fiske frå og med 18. juli. Mengda av gytelaks har vore variabel, men nedadgåande dei siste åra. 2019 var eit spesielt dårleg år. GMB var talt til ca. 66 % av målet. Så lenge vi ikkje driv noko form for kultivering, er vi på dette feltet prisgitt naturens luner. Og det kan tyde på at vi er veldig utsett etter fleire år med dårlege fangstar.

Yngelregistrering haust 2018 og haust 2019 med relativt dårlege resultat

I følge VRL, har Stordalselva et gytebestandsmål på 724 kg holaks pr. år, for å kunne oppretthalde ein berekraftig bestand som det kan haustast av. Dette tilseier at vi må ha minst dette kilo holaks som gyter kvart år for å oppretthalde ein ”normalbestand”. Talet er berekna utan å ta spesiell høgde for hendingar som har negative innverknader som

· Produksjonen av lakseyngel i elva, isferder og flaumar.

· Predatorer som oter, mink og hegre.

· Farane yngelen møter på veg ut til beiteområdet i havet.

· For ikkje å snakke om kilenøter og dorgarar.

Det blir viktig i komande år å ha ei trygg oversikt på gytebestanden.

Om denne trenden fortsetter har vi pr definisjon ikkje eit haustbart overskot og skal eigentleg stenge elva for fiske.
Vi vil seinare i planen vise ein oversikt over fangststatistikken for dei einskilde sonene for dei 5 siste åra. Det er desse åra yngelen har vokse opp i elva og vore ute i havet, før retur til elv. Vi har god fangststatistikk for elva frå 2002 og fram til no

Den biologiske tilstanden i elva synest å vere god. Geografien rundt elva er jamt over av ein slik karakter at avsig frå spreiing av husdyrgjødsel er liten.
I nedslagsfeltet til elva er det ikkje forureinande industri.

Styret har tatt opp diskusjonen om vi skal starte oppatt med klekkeriet. Dette er en stor og ambisiøs sak som vil kreve mykje grunnarbeid og utgreiingar. Det vil medføre store og vedvarande kostnader i form av frivillig arbeid og direkte utgifter. Vi vel å ta klekkeri og kultivering med i driftsplanen, sjølv om dette enno ikkje har vore oppe på årsmøtet. Sjølve bestemmelsesprosessen er viktig i seg sjølv. Uansett er dette ei årsmøtesak som styret kjem til å presentere fleire gongar for årsmøtet i driftsplanperioden.

Den økonomisk situasjon for laget

Laget har pr. dato mindre direkte inntekter. Men styret henter inn ein del midlar utanfrå som har finansiert utgifter i 2020 og vil truleg finansiere tiltaka som er planlagt i 2021.
Lakseelvane på Sunnmøre, LPS, har og vil kvart år framover skaffe til veie ein god del midlar som skal fordelast ut til medlemselvane.
Det årlege budsjettet til laget vil vise utgifter og tilføring av midlar, slik at vi vil ha dekning for det arbeidet som vil bli utført.

Laget disponerer ikkje soner, eller deler av soner til sal av fiskekort slik enkelte andre lag gjer . Vi er derfor avhengig av at medlemane betalar medlemskontingent. Lik andel for alle. Det er utarbeidd ein plan for korleis medlemskontingenten i Norske Lakseelvar skal fordelast på elveeigarane. Om ein vel å bli medlem av Lakseelvane på Sunnmøre, er det fornuftigt at laget tar denne kostnaden

Tidlegare har det gitt elva ei verditaksering etter soner, og kva skyld kvar enkelt elveeigar har. Dette har vi gått vekk frå og no har kvar rettshavar like andelar. Seinare i planen er ei liste over kvart gardsnr. og bruksnr. som er medlem,

Miljøet langs vassdraget

Ei forbetring av miljøet i og langs elva vil vere eit av dei viktigaste satsingsområda for laget. Mange stader er det utført eit til dels stort arbeid med opprydding. Elveforbygninga er stelt i stand som tursti på den nederste halvdelen av elva og er eit mykje brukt område for turgåarar, i tillegg til dei som fiskar laks. Men fortsatt er der enkelte stader der det kan være behov for å fjerne skrot og søppel av diverse kategoriar. Enkelte stader er det tett skog, noko som gjer forholda for fiskarane vanskelege. Dette gir eit dårleg inntrykk av korleis vi helst vil ha det. Mange laksefiskarar er ute etter ei samla oppleving rundt det å fiske etter laks, og då er også tilstanden langs elva ofte avgjerande om dei vil leige elv her eller andre stader. NVE har også satt krav om rydding på vegen langs elva, på min. 4 m bredde, dette sett i forhold til beredskap ved skadar i elva.

Grensene mellom dei einskilde sonene er blitt betre merka dei seinare åra, men det er fortsatt rom for endå betre merking, enkelte stader. På mange soner er der anlagt rasteplassar med enkle fiskebuer for å gjere forholda for fiskarane trivelege.

Ofte skal det ikkje så mykje til før det vert meir attraktivt å leige fiske i Stordalselva. I neste runde kan dette føre til auka etterspørsel etter fiske, og dermed større inntekter til rettshavarane.

Lokale forureiningskjelder/tiltak

Hove: Ingen spesielle forureiningskjelder.

Vinje: Samlekanal som kjem frå industriområdet renn ut i elva på Vinje. Bør takast vassprøve for å kartleggje evt. forureining. Minimal fare for avsig frå landbruksrelatert verksemd. Usikkert om det er avsig til grunnen frå søppelplassen på Vinjesanden.

Busengdal: Ingen spesielle forureiningskjelder.

Kirkebø: Ingen spesielle forureiningskjelder.

Kvammen: Ingen spesielle forureiningskjelder. Fjellåna renn ut i Storelva på Odd Kvammen sin eigedom. Frå gammalt av var den ei god gyteelv, spesielt for sjøauren.

Midtbust: Rørgate fører ut i elva frå oppdyrka landbruksareal. Usikkert om det er forureinande avsig. Lita vassføring..

Øvrebust: Rørgater frå oppdyrka landbruksareal fører ut i elva på to stader. Ei lita elv, ”Rikjenda”, fører ut i hovudvassdraget. Frå gammalt av var dette ei god gyteelv for sjøaure, men er også lakseførande. ”Kørsen”, ein liten sidebekk er også frå gammalt av ein god gytebekk for sjøauren.

Holt: Ingen spesielle forureiningskjelder.

Storheim: Usikkert om det kan vere forureinande avsig frå utløpet av Djuphølen. To mindre bekkar, Harpebergløken og Langhesløken er truleg gode gyteplassar for sjøaure. Desse bør undersøkast nærare for å kartleggje moglege forbetringar i tilhøva for gyting. Slike bekkar er også gode oppvekststader for yngel. Problemet er at ved liten nedbør på sommar, går Harpebergløken tørr

Moe: Ingen spesielle forureiningskjelder. Ein mellomstor bekk, Moløken, er truleg ein god gyteplass for sjøaure og oppvekstplass for yngel. Det bør opprenskast i utløpet av bekken for å forbetre forholda for oppvandring av fisk. Problemet er at ved liten nedbør på sommar, går Moløken tørr

Jøsvoll: Ingen spesielle forureiningskjelder..

Stavdal: Ingen spesielle forureiningskjelder. Ei større sideelv, Stavåa, er truleg både laks og sjøaureførande ei kort strekning.

Vad: Ingen spesielle forureiningskjelder, men med fall til elva frå begge sider kan det vere fare for avsig frå spreiing av husdyrgjødsel.

Løset: Mykje av same forholda som på Vadsona.

Biotopiske forbetringar i Stordalsvassdraget
Dersom vassprøver viser at det må setjast inn tiltak mot forureining, vil desse tiltaka i seg sjølv gje biotopiske forbetringar. I tillegg vil fysiske inngrep nokre stader gje betre forhold for gyting og oppvekst av yngel.

Laget skal utarbeida enkle planer for oppreinsking og rydding i sidebekkar/elvar. Dette gjeld for Fjellåna, Kørsen, Langhesløken og mogleg Harpebergløken og Moløken. Laget bør også søkje å få til ei ekstern delfinansiering av dette arbeidet gjennom søknad om midlar frå offentleg hald.

Kvammen: Betre forholda i osen av Fjellåna. Sjå nærare på behovet for tilførsel av gytegrus. Dette vil føre til ein endå betre plass for gyting og oppvekst. Spesielt for sjøaure, men også som oppvekstplass for laksungar.

Øvrebust: Ei biologisk undersøking av Rikjenda hadde vore ynskjeleg. Denne elva var truleg både laks- og sjøaureførande heilt opp til Fossane. Om dette er tilfelle, er det naturleg for laget å vurdere forbetringar for oppgangen av fisk også i denne elveosen. I tillegg er Kørsen frå gamalt av ein god sidebekk for gyting og oppvekst for.

Storheim: Her finn vi to viktige sidebekkar, Harpebergløken og Langhesløken. Begge desse kan med relativt små midlar gjerast om til gode gyteplassar og oppvekststader for yngelen.

Mo: Moløken kan med rensking og opprydding i osen gjerast til ein enno betre gyte og oppvekstplass.

Det har tidlegare vore føretatt ei lang rekke med synfaringar langs elva med representantar frå:

NVE, MR-Fylke, Stordal kommune, Stordal Elveeigarlag og Grunneigarar,
på fleire stadar i elva.

Med formål å drive vedlikehaldsarbeid på fiskehølar, flaumsikring, betring av gyteplassar, forskjellige miljøtiltak langs elva og moglegheiter for å forlenge den lakseførande delen av elva.

Synfaringar er ein viktig prosess i arbeidet fram mot ei positiv saksbehandling på Fylke og Regionsnivå. Alle framtidige prosjekt i og langs elva som har tilknyting til Laks og Sjøaure, bør vere med i ein driftsplan. Det viser at tiltaka er med i ein samla plan som Elveeigarlaget er samde om. I fleire samanhengar er dette faktisk eit krav frå det offentlege, for å kome i betraktning for tildeling av offentlege midlar.

Informasjon.

Stordal Elveeigarlag har lagt ned eit omfattande arbeid på informasjon.

Vi har laga til ei internettside, www.laksefiske.stordal.no, som vi skal bruke, ikkje berre til informasjon for utabygdsfolk som vil freiste å fiske laks i Stordal.
Men også som eit arbeidsverktøy for oss sjølve. Vi har innsamling av fangstrapportar for dei fleste soner, ein gong pr. veke.
Laget har og ei facebokside, Laksefiske Stordalselva i Møre og Romsdal

Marknadsføring.

Det viser seg at desse opplysningane, tilgjengeleg på internett, aukar fiskeinteressa og økonomien til dei som leiger ut på desse sonene.

Her er det moglegheiter for dei som ynskjer å marknadsføre seg meir enn dei har gjort tidlegare.

Her er også moglegheiter for dei som ikkje ynskjer å leige ut elva si, og gjere det kjent at på denne sona er det ikkje tilgjengeleg fiskeelv. Med det slepp ein kanskje ein del ”masete” telefonar.
Elveguiden.no sel og marknadsfører ein del av tilgjengeleg fisketid på dei 2 nederste soner, rettshavarane der er godt fornøgd med dette føretaket. Der er plass til fleire, og det er ein fordel at ein del tilgjengeleg fisketid blir allment tilgjengeleg

Rapportering.

Styret for laget har innsett viktigheita av korrekt fangstrapportering. Det er satt opp ei fangst rapporteringsbok på kvar sone. Denne boka må vere tilgjengeleg slik at alle som fiskar skal rapportere inn all fangst dag for dag. Den må også vere tilgjengeleg for andre enn fiskarar. Også for å innhente fangstdata for innføring og oppdatering av internettsida til laget.

Dokumentasjon.

Viktigheita for å ha ein god rutine på fangstrapportering blir garantert ikkje mindre framover i tida. Utifrå offentlege høyringar blir det iverksett nye restriksjonar på fangst av laks for perioden 2020-2023.

Derfor er det blitt meir og meir viktig å kunne dokumentere kva som skjer i og langs elva. Fangstrapporter og gytefisk teljing på hausten er den einaste dokumentasjonen vi har på tilstanden i elva. Dette skal samanliknast mot Gytebestandsmålet.

Eigartilhøve og organisering

70 eigedomar med til saman 60 eigarar er med i Stordal Elveeigarlag pr. dato.
Det er den enkelte grunneigar som har fiskerett på sin eigedom/gardsbruk.
På dei aller fleste soner er det ei fordeling av fiskeretten mellom dei forskjellige
bruksnummera under eit gardsnummer.

Dei 15 sonene som elva er inndelt er som fylgjer: Hove - Vinje – Busengdal – Kirkebø - Kvammen – Midtbust – Øvrebust – Holt – Storheim – Mo – Vad Jøsvoll – Stavdal –Løset og Øye/Ekre

Laget er organisert i eit Styre på 5 personar som er bundne av budsjett, driftsplan, handlingsplan og årsmøtevedtak, samt vedtekter som er godkjende av årsmøte i laget. Leiaren og Styret står for den daglege drifta.

Styret bør ha ei samansetting av fiskerettshavarar som er geografisk fordelt langsetter dalen. Stordal Elveeigarlag skal avhalde årsmøte etter egne vedtekter en gang pr. år. Og styret held styremøte etter nødvendig behov

Laget er medlem i Lakseelvane på Sunnmøre.

Laget er medlem i Norske Lakseelver.

MEDLEMSLISTE FOR STORDAL ELVEEIGARLAG:

Nr

Sone

Gnr og

Bnr.

Medlem

Adresse

Postnr. og

Poststad.

Telefon

01

Hove

127/1

Jarle Hove

Hove

6250 Stordal

91114415

02

Hove

127/3

Bente/Jon G. Selboskar

Midtbust

6250 Stordal

70278346

03

Hove

127/4

Nils Tomas Hove

Hove

6250 Stordal

70278006

04

Hove

127/5

Julian Vidhammer

Hove

6250 Stordal

 

05

Hove

127/6

Kristin Øie

Hove

6250 Stordal

 

06

Hove

127/7

Knut Hove

Hove

6250 Stordal

70278159

             

07

Vinje

128/1

Leif Rune Vinje

Vinje

6250 Stordal

70278104

08

Vinje

128/2

Vibeke og Runar Helland

Vinje

6250 Stordal

70278499

09

Vinje

128/3

Kjell Mulelid

Vinje

6250 Stordal

70278189

10

Vinje

128/5

Jarle Hove

Hove

6250 Stordal

91114415

11

Vinje

128/6

Per Arne Søvik

Vinje

6250 Stordal

70278257

12

Vinje

128/7

Sigrun Hove

Vinje

6250 Stordal

70278093

13

Vinje

128/8

Ruth Janne Vinje

Vinje

6250 Stordal

70278185

14

Vinje

128/156

Eldar Busengdal

Busengdal

6250 Stordal

70278449

             

15

Busengdal

129/1

Eldar Busengdal

Busengdal

6250 Stordal

70278449

16

Busengdal

129/2

Erling Busengdal

Busengdal

6250 Stordal

70278063

             

17

Kirkebø

130/1+2

Leif Kirkebøe

Kirkebø

6250 Stordal

70278147

18

Kirkebø

130/3

Olaus Overøye

Kirkebø

6250 Stordal

70278050

19

Kirkebø

130/4+7

Bente/Jon G. Selboskar

Midtbust

6250 Stordal

70278346

             

20

Kvammen

131/1

Odd Kvammen

Skylehammaren 2b

6013 Ålesund

70150339

21

Kvammen

131/2

Helge Tjønnøy

Smieveien 8

3470 Slemmestad

 

22

Kvammen

131/4

Eli Søvik

Kvammen

6250 Stordal

70278157

             

23

Midtbust

132/3

Bente/Jon G.Selboskar

Midtbust

6250 Stordal

70278346

24

Midtbust

132/6

Kjell A.Midtbust

Midtbust

6250 Stordal

70278265

             

25

Øvrebust

133/1+3

Jacob Øvrebust

Øvrebust

6250 Stordal

70278136

26

Øvrebust

133/2+13

Hans Verwer

Øvrebust

6250 Stordal

 

27

Øvrebust

133/4

Vigdis Øvrebust

Øvrebust

6250 Stordal

70278333

28

Øvrebust

133/5

Tor Midtbust

Øvrebust

6250 Stordal

70278259

29

Øvrebust

133/6

Jan Ove Øvrebust

Øvrebust

6250 Stordal

70278469

30

Øvrebust

133/7+10

Jens Å. Øvrebust

Øvrebust

6250 Stordal

31

Øvrebust

133/8

Johan B. Øvrebust

Øvrebust

6250 Stordal

32

Øvrebust

133/9

Bente og Jon Geir Selboskar

Øvrebust

6250 Stordal

33

Øvrebust

133/11

Bjørg/John Hjelmset

Øvrebust

6250 Stordal

70278239

34

Øvrebust

133/12

Jan Erik Vad

Stordalsvegen 832

6250 Stordal

480 55 924

             

35

Holt

134/1

Johan-Arnt Ludvigsen

Holt

6250 Stordal

41216132

36

Holt

134/2

Gunnar Nevstad

Gunnar-O.Nevstad@ffi.no

   

37

Holt

134/3

Odd J. Storheim

Holt

6250 Stordal

70278207

38

Holt

134/4

 

Holtleite

6250 Stordal

90932821

39

Holt

134/5

Aina Øvrebust

Holtleite

6250 Stordal

70278037

             

40

Storheim

135/1

Ottar Storheim

Storheim

6250 Stordal

70278042

41

Storheim

135/2

Pål B. Øvrebust

Storheim

6250 Stordal

42

Storheim

135/3

Solbjørg Knutsen

Åsegardsvegen 74

6017 Ålesund

70151972

43

Storheim

135/4

Sølvi / Odd Søvik

Storheim

6250 Stordal

 
             

44

Moe

136/1

Egil Henden

Moe

6250 Stordal

70278215

45

Moe

136/2

Tora/Liv N. Moe

Moe

6250 Stordal

70278194

46

Moe

136/3

Kjell Magne Mo

Grødalsvegen 34 POST

6050 Valderøya

 

47

Moe

136/4

Peder Vikenes

Stavdal

6250 Stordal

70278180

48

Moe

136/5

Torunn og Øyvind Tafjord

Moe

6250 Stordal

41660163

49

Moe

136/6 +7

Kjell Magne Moe

Moe

6250 Stordal

97532088

50

Jøsvoll

137/1

LJM I AS

Bergerveien 22

1475 Finstadjordet

951 20 208

51

Jøsvoll

137/2

Ola Jøsvoll

Jøsvoll

6250 Stordal

70278030

52

Jøsvoll

137/3

Harald Jøsvoll

Jøsvoll

6250 Stordal

70278027

             

53

Stavdal

139/1+6

Odd H. Midtbust

Hovslia

6250 Stordal

70278014

54

Stavdal

139/2

Leif Stavdal

Stavdal

6250 Stordal

70278126

55

Stavdal

139/2

Hilde StøleIkkje eigar

Kviltungvegen 2A

6009 Ålesund

POST

56

Stavdal

139/3

Gunnhild Nygård

Gunnhild64@me.com

6250 Stordal

57

Stavdal

139/4

Knut B. Støle

Hove

6250 Stordal

91531267

58

Stavdal

139/5

Peder Vikenes

Stavdal

6250 Stordal

70278180

59

Stavdal

139/7

Stein Eric Solevåg

Solavågsvegen145

6237 Eidsnes

94488120

             

60

Vad

149/1

Magnar Vad

Vad

6250 Stordal

 

61

Vad

149/2

Leif Magne Vad

Vad

6250 Stordal

99004904

             

62

Løset

150/1

Sølvi Lill Seljebotn

Rødsetdalen 9

6250 Stordal

94409163

63

Løset

150/2 + 3

Per Ivar Skodjereite

Løset

6250 Stordal

95178888

64

Rødset

151/1

Ole Jacob Rødset

 

6250 Stordal

 

65

Rødset

151/2

Liv Marit Holtleite

 

6250 Stordal

 

66

Ekre

153/1 og 8

Peder Vikenes

6250 Stordal

67

Ekre

153/3

Leif Rune Vinje

6250 Stordal

68

Ekre

153/9

Jens Åge Øvrebust

6250 Stordal

69

Ekre

153/10

Jan Ove Øvrebust

70

Øye

154/1

Jannice Helland

71

Øye

154/2

Inge Helge Øye

VEDTEKTER

FOR

STORDAL ELVEEIGARLAG

1. Formål:

Stordal Elveeigarlag har til formål å arbeide for ei næringsmessig og økologisk forvalting av laks- og sjøaurefiske i Stordalselva. Laget skal forhalde seg til forskrift om pliktig organisering og drift av vassdrag med anadrome laksefisk og skal ivareta de lovpålagte forvaltningsoppgavene gitt i Laks- og innlandsfiskeloven med tilhørende forskrifter.

2. Arbeidsområde:

Laget sitt arbeidsområde er avgrensa til den laks- og sjøaureførande delen av Stordalsvassdraget i Stordal Kommune. Dette gjeld frå fjorden til Stavdalsfossen. I Røelva fram til Ekrefossen.

3. Medlemmar:
Alle som har fiskerett i den lakseførande delen av vassdraget er medlemmar i laget og har røysterett. Kvart medlem har 1-ei røyst per fiskerett/gards nr. I tillegg kan kvar medlem røyste med fullmakt for 1-eit medlem for kvart gardsnr han har fiskerett på. Medlemmar i Stordal elveeigarlag må fylje dei vedtaka som er tekne av årsmøte i laget. Det er ikkje mogleg å melde seg ut av laget anna enn ved sal av fiskeretten. Ved eigedomsoverdraging skal nytt navn og ny adresse rapporterast til laget. Medlemskap i laget fyl gards nr. Dei som har ein fiskerett på eit gards nr. har ei røyst. Den som har fiskerett på fleire gards nr./ soner, har eit medlemskap og ei røyst for kvart gards nr.
Grunn-kontigenten skal vere lik for kvart medlemskap.
Alle medlemmar i laget skal betale gjeldande medlemskontigent, som er vedteke på årsmøtet i Stordal Elveeigarlag

4. Ulovlege tilhøve:
Når medlemmar av laget vert kjent med ulovlege tilhøve i og kring Stordalselva og utløpet, og ein meiner dette kan skade fisket, fisken eller interessene til elveeigarane, har ein rett og plikt til å gripe inn eller melde i frå om det til styret for laget og/eller off. ansvarleg etat instans.

5. Rekneskap og fullmakt.
Rekneskap og budsjett året skal følgje kalenderåret. Leiar og nestleiar har mynde til å gjere avtalar for laget i samsvar med styre- og årsmøtevedtak.

6. Styre.
Laget skal ha eit styre på 5 medlemmar og 2 vara medlemmar . Leiar skal veljast kvart år. Styremedlemmane skal veljast for 2 år og skiftevis slik at 2 og 3 styremedlemmar står på val etter tur. Vara medlemmar skal veljast for 1 år. Ved lutdraging sår 2 av styremedlemmane på val første året. Styret vel sjølv nestleiar, kasserar og sekretær. Styret er vedtaksfør når minst 3 av styremedlemmane/vara medlemmane møter, og desse 3 er samde.

7. Årsmøte:
Årsmøtet skal haldast ein gong pr. år innan 31. mars. Innkalling til årsmøtet skal vere utsendt 14 dagar før møtet. Saker som medlemmane vil ta opp på årsmøtet må vere styret i hende minst 1-ein månad før årsmøtedato.

Årsmøtet skal mellom anna:

  1. Godkjenne innkalling og sakliste.
  2. Velje ordstyrar og skrivar.
  3. Velje to til å skrive under møteboka.
  4. Handsame årsmelding, budsjett og rekneskap.
  5. Velje styre med vara medlemer.
  6. Velje styreleiar for eit år om gongen.
  7. Velje styremedlemmer for eit år om gongen.
  8. Velje to revisorar for eit år om gongen.
  9. Velje tre medlemmer og ein vara medlem til valnemnda. Valet gjeld for tre år der ein går ut kvart år. Første året etter lutdraging
  10. Velje leirar i valnemnda. Medlemmar i valnemda kan ikkje attveljast.
  11. Årsmøtet skal gjere vedtak om arbeidsoppgåver for komanda år.
  12. Årsmøtet fastset medlemskontigent.

Vedtak på årsmøtet skal gjerast med vanleg fleirtal. Tillistvalde som har fungert ein eller fleire valperiodar kan seie for seg attval for like lang tid.

8. Ekstraordinert årsmøte:
Ekstraordinert årsmøte kan haldast når styret finn det ønskjeleg, eller når minst 25 % av medlemmane krev det. På slike møte kan det berre gjerast vedtak i saker som er ført opp på saklista for møte. Den skal leggjast ved innkallinga. Ekstraordinert årsmøte skal kunngjerast på same måte som ordinert årsmøte.

9. Endring av vedtekter:
Endring av vedtekter kan berre gjerast av årsmøtet med 2/3 fleirtal av dei frammøtte. Framlegg til endring må gå klart fram av innkallinga til årsmøte.

10. Oppløysning:
Laget kan ikkje oppløysast før det evt. blir åpna for dette i Forskrift om pliktig organisering og drift av vassdrag med anadrome laksefisk.
Berre årsmøte kan i so tilfelle løyse opp laget. Årsmøtet avgjer kva som skal skje med eignalutane til laget.

1. Vedtatt på årsmøtet i Stordal Elveeigarlag 14. april 1998.
2. Nytt pkt. 7 vedteke på årsmøtet 20. mars 2002.
3. Vedtekt nr 3. endra på årsmøtet 24 April 2014.
4. Endring av vedtekter på omframt årsmøte 08.06.2015
Gjelder punkt 1 – 3 – 5 – 7 – 10. Endring står med fet skrift
Endringar gjort for at vedtekter skal samsvare med Forskrift om pliktig organisering og drift av vassdrag med anadrome laksefisk, ikrafttrdelse 25.06.2013
5. Endring av punkt 2 og punkt 3, på årsmøte den 30.03.2017

Marknadsplassen:

Fiskekort


Dokument Annonser

Nytt

Fortløpende fangstrapport 2019 - 31.07.2019
Les meir


Aktivitetsplan for 2021 - 23.03.2021
Les meir


Sesongstart i Stordalselva, 2021. - 23.03.2021
Les meir


Fiskeregler 2021 - 23.03.2021
Les meir


Driftsplan for Stordalselva i 2021 - Løpande driftsplan framover - 23.03.2021
Les meir


No er det dagar
att til sesongstart 2016!
  Admin Stordal Elveeigarlag - 6250 Stordal Stordalsportalen.no