Sesongstart i Stordalselva, 2020.

Elva blir stengt for fiske i sesongen 2020

Dette gjelder for alle soner i elva.

Styret måtte utsette årsmøte for 2020 på ubestemt tid grunnet den situasjonen vi har med Corona Covid 19Vidare har styret gjort vedtak i tråd med gjeldande driftsplan, som går ut på stenging av elva sesongen 2020.Stordalselva har ikkje nok gytefisk i elva til å komme opp på GyteBestandsMålet, for 2. året på rad. Laget har hatt ungfiskregistrering i 2018 og i 2019Desse registreringane viser at her er for lite yngel i elva til å få opp bestanden dei første åra,

I sesongen 2019 var der fiska 91 laks, 295 kg, før vi stengte elva den 17.07.19. Sjøl ved ei veldig tidleg stenging klarte ikkje elva å oppfylle gyte bestands målet
Det viste seg at den totale oppgangen til elva i 2019, sjøl når ein reknar med det som vart fiska, var ikkje nok til å oppfylle GyteBestandsMålet

Nye fangstrestriksjonar for 2019:

Fangst restriksjonar.
maks 1 avlivet laks pr halvdagskort, maks 2 pr døgnkort,
maks 2 avlivet laks pr uke pr person, og maks 10 laks pr person/sesong
gjelder for elva samlet og ikke bare for hver sone

Gjelder pr person for elva samla, MERK. ikkje pr sone.
Det gis ikkje løyve til å overdra leigd fiskekort/fiskerett til andre, når ein laksefiskar har nådd taket for fangstrestriksjonar.
Ved nådd fangstrestriksjon skal dei aktuelle fiskekort/fiskerettar ikkje benyttast meir, so lenge den aktuelle fangstrestriksjon gjeld. Veke/år.

MERK, elva kan bli stengt ved mellomsesong evaluering, siste halvdel av juli, ved lite oppgang av laks
Den kan også bli midlertidig stengt i siste halvdel av sesongen ved lite vann over lengre tid, samt høy temperatur på vannet

Fiskekort er personleg og kan ikkje overdragast til andre.Berre ved spesielle situasjonar kan grunneigar tillate ei overdraging til andre
Dette gjeld berre I dei høve dette ikkje kjem i konflikt med fangstrestriksjonane.

Oppslag om regler og restriksjonar, samt standariserte fiskekort blir laga til av Elveeigarlaget,

Sjøørret blir freda i heile sesongen. Fiska sjøørret skal gjenutsettast.

Regnboge aure og tydeleg oppdrettslaks, samt pukkellaks er det ikkje fangstrestriksjonar på.

Elva kan bli sesongstengt etter midtsesong evaluering, om det viser seg at det er lite laks som har gått opp i elva ila første halvdel av sesongen

Styret i elveeigarlaget har fullmakt frå årsmøte til å kunne stenge elva for fiske etter laks ved for liten vassføring i elva.

Styret i Elveeigarlaget har også fullmakt frå årsmøtet til å ta bestemmelsen om kor lita elva skal vere,
for at stenging skal iverksettast.

Styret i Stordal Elveeigarlag, 2019:

Leiar: Jarle Hove

Nestleiar: Egil Henden

Kasserar:Per Ivar Skodjereite.

Sekretær: Johan B. Øvrebust

Styremedlem: Stein Eric Solevåg

Betal fiskeriavgiften på nett

Direktoratet for naturforvaltning har åpnet for betaling av Fiskeravgiften på nettet.

Den enkleste og rimeligste betalingsmåten er via nettet. Ved betaling med kredittkort eller bankkort
får du kvittering i e-post og kan selv skrive ut avgiftskortet.
Det elektroniske avgiftsbetalingen er i fire språkversjoner; norsk, finsk, engelsk og tysk.

Her er linken som gjer at du lett kan finne frem til nettbetaling av avgiften.

http://www.dirnat.no/fiskeravgift/


-- Printa ut frå Stordal Elveeigarlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2020 eZ systems as