Aktivitetsplan for 2021

Aktivitetsplan for laget, vidare framover. Styret delegerer arbeidsoppgåver

Dei av grunneigarane som ynskjer å delta på noko av det som står på
aktivitetsplanen er hjerteleg velkomen til å kontakte leiar om dette.
Samtidig kjem styret til å invitere grunneigarar på forskjellige dugnader i løpet av 2021.

Det er avtalt eit samarbeid med Valldal og Lakseelvane på Sunnmøre, opp mot offentleg forvalting, for å få starte opp med kultivering i form av utsetjing av rognboksar.
Dette arbeidet er viktig. Resultat av ein stor habitat og gyteforhold undersøking hausten 2020, avgjer mykje om framdriftsplanen her. Rapport vil føreligge våren 2021
Laget arbeider med ein Kultiveringsplan for elva. Denne skal opp på omframt årsmøte seinare i 2021, før vi sender den inn til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for godkjenning.
Vi har søkt om midlar, frå Miljødirektoratet til habitat forbetringar i Rikjenda. Samt ei undersøking av forholda i kanalen som går frå Stadion til nedre del av industriområdet. Ved eit godt resultat på denne undersøkinga, vil vi kunne etablere gyteforhold for sjøaure her. Inne i prosjektet ligg også finansiering av ungfiskregistrering av gytebekkane og dei 2 sideelvane, Rikjenda og Rø-elva. Dette kjem også opp som eiga sak til årsmøtet.
Ved godkjenning av dette tiltaket, og om vi får omsøkt tilskot, kjem laget til å gjennomføre dette prosjektet i august – september 2021
Vi vurderer å ta etablering og habitat forbetring av Langhesløken i eigen regi.

Laget sitt arbeid i det komande året.
- Vi skal ha årlege teljingar av gytefisk, i september og oktober, heile elva.
Her må det klargjerast kva rolle OURO systemet vil ha i elva, framover, i høve teljing
Vi er pr no ute av OURO ordninga, grunnen til dette er at VRL og Miljødir. har satt status for elva som god….Leiar har tatt opp dette med Fiskeridir, VRL og Statsforvaltaren. Samtidig ligg vi inne i eit større prosjekt i regi av LPS, dette gjer at vi uansett får ungfisk registrering og teljing gjennom dette prosjektet. Vi må i samråd med Kambestad – Norce AS finne utav om vi skal gjere noko av desse undersøkingane sjølv, eller om alt går gjennom dette prosjektet. Røelva ligg inne her. Usikkert om øvre del av Stavdal, med undervanns videokamera, manuell teljing og bruk av dykkere.
Løyve frå grunneigarlag «Nørdalsjuvet» er nødvendig, styret tek kontakt med leiar i grunneigarlaget
- Vi skal ha teljing og registrering av yngel, i eigen regi, i alle 6 gytebekkane og Rikjenda.
- Ungfiskregistrering i regi av LPS, anadrom sone, Stordalselva
- Vi må ta ungfiskregistrering på delar av Røelva sjølve.
Utførast av eigne folk som er autorisert i bruk av el-fiske apparat
- Vi skal ha innsamling av skjellprøvar frå all fisk som blir tatt i elva.
- Vi skal ha midtsesong evaluering - fisketeljingar i løpet av sommaren, i eigen regi.
- Vi skal nå ut med innformasjon til grunneigarane og dei som fiskar, når gjelder oppsynets rolle i elva. Og med dei endringar i fisketid og fangstrestriksjonar som blir vedtatt av årsmøtet

Kompetansegruppa i samarbeid med styret.
- Yngeltelling i gytebekker og side elvar, 2021
- Midtsesong evaluering rundt 15. juli
- Overvåking i høve pukkel laks, dykkere i august
- Rutine overvåking av nedre del i høve oppdrettslaks
- Kompetansegruppa tar del i rapporter og systematiserer de opplysninger som kommer ut av lagets arbeid i 2021
- Kompetansegruppa fungerer som «ei høyrings og rådgjevings gruppe» for styret

Elveeigarlaget – Styret,
Skal arbeide vidare med sikte på å få starte kultivering her med vekt og fokus på rognboksar

Det blir truleg ei undersøking av kor stor påverknad isferd har for gytegrusen/rogna i elva. Eit forsøk i regi av LPS og Norce. Her må vi delta i planlegginga og delvis i utføringa av dette

Styret skal følgje opp alle undersøkelsar, teljingar og registreringar

Styret må følgje opp rapporten av habitat og gyteforhold undersøkelsen utført i 2020
Mest truleg kjem styret til å kalle inn til eit medlemsmøte med fokus på forskjellige habitat og betring av gyteforhold som blir foreslått i denne rapporten.
Og vidare sette ein framdriftsplan som skal føre fram mot ein søknad om kultivering med rognboksar. Det kan vere at vi må gjere nokre tiltak i elva, enten før vi kan søkje om kultivering, eller at vi må ta nokre tiltak inn i søknaden, som skal utførast samtidig med utsetting av rognboksar

Organisere habitattiltak i Rikjenda og evt i kanalen ved Vinjesanden. Om vi får godkjent tiltaka og om vi får tilskot til dette. Her kan også Kompetansegruppa delta.


-- Printa ut frå Stordal Elveeigarlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2021 eZ systems as