Velkomen til Stordal Elveeigarlag sine heimesider.
Stordalselva er sesongstengt fra og med 18.07.2019
Stordal Elveeigarlag har ikkje noko med sal av
fiskekort eller bortleige av fiske å gjere. Dette
har vore, og er framleis ei sak mellom den enkelte
grunneigar og den som vil leige fiske. Storparten av
utleiga skjer på sesongbasis, og same fiskarane
tingar gjerne elv for ein ny sesong før dei
avsluttar sesongen. Nokre stader kan ein likevel
få kjøpe Fiskekort i avgrensa mengder.
Stordal Elveeigarlag har på denne
nettsida lagt til rette for at ein kan finne fram til
sonene og kven som er grunneigar på disse, samt
oversikt over korvidt det er salg på
fiskekort.
Elva er i hovudsak nattfreda kvar natt mellom kl. 24.00
og 04.00 alle dagar i veka. Enkelte soner kan ha andre
fredningsrutiner, t.d. helgefreding. Fisketida er
frå 15. juni, til og med 25. august.
Etter årsmøtevedtak 2019 vart det vedtatt
at midtsesong evaluering til 15. juli
vil bli avgjerande for ei evt tidlegare sesongstenging
i 2019, samtidig kan elva bli stengt midlertidig med
bakgrunn i lav vannstand og høg vanntemperatur,
over tid
|
Laks teken på Øvrebustsona i
Stordalselva ca. 1970. Fisken vog 19 kg. og vart teken
av Lars Øvrebust (til høgre på
bildet). Medhjelpar var Sverre Holtleite.
|